Skipar til ressursgruppe for opninga av nye Valle kultursenter

Valle kommune opnar nye Valle kultursenter 17.- 19. april. Opningsfesten skal bli av det heidundrande slaget, og no ynskjer kommunen å få med dugeleg lokalt engasjement i planlegginga. Ulike aktørar blir no invitert inn i ei ressursgruppe som skal forme opningshelga.

Invitasjonen går i desse dagar ut til lag som Setesdal Spelemannslag, Folkeakademiet Valle, bygdekvinnelaga, Valle radio og ei heil rekke andre. Målet er at alle organisasjonane som stiller, har ein representant med i ressursgruppa.

– Den personen treng ikkje vere leiar eller styremedlem i laget, men den personen laget vel ut. Det som er viktig er at det er ein person med lyst og motivasjon til å delta, og som kan vere med på eit par kveldsøykter, seier kulturleiar i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg.

Skal vere for alle - med “alt”

Nybygget som skal opne 17.- 19. april er eit bygg der innhaldet blir det avgjerande. Både med tanke på opningshelga men også etterpå så er det aktiviteten det handlar om. Nye Valle kultursenter skal bli ei storstoge for alle - og for “alt” av aktivitetar ein kan tenke seg.

– Engasjement og involvering er viktig alt no, i ressursgruppa, men sanneleg også i åra som kjem. Bygget skal bli ein møtestad me alle kan kjenne eigarskap til. Då har me også alle eit ansvar for å bidra, slik at så mange som råd føler seg heime der, seier Nyberg.

Fellesmøter

I ressursgruppa som skal etablerast skal det skipast til to eller tre fellesmøter. Det kan også bli aktuelt med ulike arbeidsgrupper, alt etter kva dei ulike laga vil og kan bidra med. Både konkrete programpostar eller aktivitetar for opningshelga, praktiske oppgåver som bevertning, pynting, rigging og liknande, og mangt anna er aktuelt.

– No håpar me på ein respons det nye kulturbygget verdig, så gler me oss veldig til å arbeide vidare med opningsprogrammet i ressursgruppa, seier Torunn Charlotte Nyberg.

Lag som vil delta må melde frå innan måndag 26. januar. Første møte i ressursgruppa blir i månadsskiftet januar/februar. I programmet for opningshelga er det alt no mellom anna pre-opning av ungdomsklubben med Pool party, konsert og DJ, kunstavdukingar, konsertar og framsyningar, festarrangement, “Barnas dag” og mangt anna! Ei verkeleg festhelg ventar i april altså, for bygdefolk og tilreisande!