Skuffa Valle-ordførar etter avslag i Høgsteretts ankeutval

For ei tid tilbake gjekk kommunestyret i Valle inn for å anke domen frå Agder lagmannsrett i den såkalla støylsbu-saka til Høgsterett. No har Høgsteretts ankeutval avvist å fremje anka.

– Dette er svært skuffande, slår Valle-ordførar Lars Tarald Myrum fast.

Valle-ordførar Lars Tarald Myrum er skuffa etter at Høgsteretts ankeutval har sagt nei til å fremje domen i den såkalla støylsbu-saka frå Agder lagmannsrett for Høgsterett. - Klikk for stort bileteValle-ordførar Lars Tarald Myrum er skuffa etter at Høgsteretts ankeutval har sagt nei til å fremje domen i den såkalla støylsbu-saka frå Agder lagmannsrett for Høgsterett. Ole Birger Lien

Striden har stått om ein søknad om oppattføring av ei støylsbu i Valle austehei. Valle kommune gav dispensasjon til oppattføringa med støtte i Heieplanen, men vedtaket vart påklaga av fylkesmannen. Valle kommune gjekk til sak, og vann på alle punkt i Agder tingrett. Staten anka til Agder lagmannsrett, der Valle kommune tapte. Det var altså det tapet som vart anka til Høgsterett, men som ankeutvalet no har sagt nei til å fremje vidare.

– Gjeld mange kommunar rundt om i landet

– Det heiter i avgjersla frå ankeutvalet at ei sak bare skal fremjast til Høgsterett viss anka gjeld spørsmål som har betydning utanfor den aktuelle saka, eller at det av andre grunnar er særleg viktig å få saka avgjort i Høgsterett. Det er Valle kommune sitt klåre syn at me kan krysse av på begge punkt. Avgjersla som no blir ståande grip beint inn i den kommunale sjølvråderetten, og går på tvers av det som er vår og dei fleste si tolkning av Heieplanen. I og med at denne saka har direkte konsekvens for mang ein heiekommune rundt om i landet, vil resultatet skape presedens, seier Myrum.

I avgjersla frå ankeutvalet kjem det fram at Valle kommune må koste motparten sine ankeutgifter for Høgsterett, like under 40.000 kr.