Ordførar Lars Tarald Myrum fekk klyppe snora for ny SFO-avdeling i Valle.
Ole Birger Lien
– I festtalar seier ein alltid at borna er det viktigaste me har. Det er fordi det er heilt sant! Å kunne gje born og unge trygge rammer, ein god oppvekst og mogelegheit for utvikling og vekst, det er det viktigaste me gjer. Difor gler det meg stort å sjå den nye SFO-avdelinga bli opna. Her skal det bli mykje liv og leven! sa ordførar Lars Tarald Myrum då han fekk æra av å klyppe snora.
– No vil me ha kake! proklamerte han då snora var delt - ja!!! fekk han til respons av borneflokken rundt seg.
Nytt og flott
Den nye avdelinga i SFO er eit solid tilskot til eit flott SFO i Valle. Verandaen og uteområdet er bygt om til stor og ljos garderobe som bind to fløyar saman. I tillegg er det sett inn nye vindauge, det er isolert, og ein har fjerna hems og veggar og laga gymrom.
– Det har blitt både flott og funksjonelt, dette kunne ikkje ha blitt betre, seier ein nøgd SFO-leiar, Ingunn Anette Bratteland.
I tillegg til alt det andre er det nye belegg på golv, nymåla veggar, heilt nytt ventilasjonsanlegg og ei skikkeleg nysatsing med toalett med dusj, tørkerom, bilrom, dokkerom, legorom, stillerom og alt ein kan tenke seg!
Song og kakefest
Både før og etter snorklyppinga fekk Øyvind Jacob, som hadde teke med seg gitaren til opninga, borna med på SFO-songen og andre musikalske sprell. Stemninga var upåklageleg, og folk koste seg med den flotte marsipankaka. Det er kan hende ikkje kake kvar dag på SFO i Valle - men at born og tilsette må bli i feststemning kvar dag av både den nye avdelinga men også kor flott heile SFO no har blitt - er det inga tvil om!