Søknadsfrist for elevplass ved Valle kulturskule er 15. mai
Ordinær elevplass i Valle kulturskule er vanlegvis for elevar i 1. klasse og eldre. Elevar i 1.- 4. klasse får undervisning i SFO-tid. Søknadsfrist for nye elevar er 15. mai.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 30.04.2026 08:32
Sist endra 30.04.2026 08:32
Pixabay
Nybyrjarar kan jamnt få tilbod om undervisning i små grupper, og ein tar også inn elevar frå vidaregåande skule og vaksne viss det er kapasitet.
Valle kulturskule gir opplæring innaføre ulike instrument. Du kan lære alt frå song, gitar, piano, trommer og fiolin til kveding, munnharpe og hardingfele. Vi har både tilbod om populærdans og leikarring, og dessutan breiddetilbod for nybyrjarar, der eleven kan få prøve ut ulike instrument for å finne ut kva som passar best. Alle elevar deltek i samspel, og alle som ønskjer får opptre på konsertar og framsyningar.
Må re-registrere dei som skal halde fram
Viss ein elev skal halde fram med same tilbod som før i kulturskulen, må han eller ho re-registrerast. Dette gjer ein i SpeedAdmin. Det er også her ein eventuelt registrerer det viss ein elev skal slutte. Også her er fristen 15. mai.
Spørsmål om Valle kulturskule kan ein rette til leiar kultur i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg - torunn.charlotte.nyberg@valle.kommune.no
Her er lenke til søknadsskjemaet