Søknadsfrist for kulturmidlar og utviklingsstipend er 15. mars!
For dei som kan tenke seg å søke Valle kommune om kulturmidlar eller utviklingsstipend, er det no bare tida og vegen. Søknadsfristen er førstkomande sundag 15. mars.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 11.03.2026 12:46
Sist endra 11.03.2026 12:46

Den totaler summen som blir delt ut i kulturmidlar er 75.000 kr. Søknaden må leverast elektronisk. Alle lag og foreiningar i Valle med lovleg aktivitet innan kulturområdet kan få kulturmidlar. I utgangspunktet bør laga sjølve ha midlar til den ordinære drifta. Medlemstal er eit forhold som vil spele inn på vurderinga, men kulturmidlar skal i hovudsak fordelast etter omfanget av aktivitetane i laget.
Målgruppa for utviklingsstipend endra
Kvart år deler Valle kommune ut utviklingsstipend til unge talent innan både idrett og kultur. I alt har kommunen sett av 90.000 kr. til dette formålet. No blir målgruppa endra med tanke på alder. Ein skal ikkje lenger dele ut utviklingsstipend til utøvarar i aldersgruppa 13-15 år, men fokusere på gruppa 16-25 år.
Her kan du lese meir og søke på kulturmidlar
Her kan du lese meir og søke på utviklingsstipend