Henri Tore Viki i Valle kommune med svar på bustadundersøkinga på skjermen. Han gler seg over den solide responsen på undersøkinga.
Ole Birger Lien
– I og med at så mange tok seg tid til å svare gjev materialet oss eit sterkt og godt kunnskapsgrunnlag for vidare arbeid, seier Henri Tore Viki i Valle kommune.
Han strekar under at det som har kome inn av svar i tillegg til å gje mykje kunnskap om bustadbehovet, også blir nyttig på fleire andre kommunale område.
– Difor tar me då også med oss funna vidare i det generelle arbeidet i kommunen. Undersøkinga gjev oss kunnskap knytta til kommunen si bustadsatsing, men også på felt som til dømes framtidas eldreomsorg, seier han.
Folk vil helst eige
Undersøkinga, der altså nesten 400 innbyggjarar har kome med svar, viser at yngre folk helst vil eige sin eigen bustad, medan dei litt eldre gruppene er meir opne for å leige. Også med tanke på type bustad endrar biletet seg med alderen. Yngre folk vil helst ha einebustad, men gruppa for dei på 50 år eller meir kan godt tenke seg å bu i ein leilegheit . Så viser resultata like klårt at det mest attraktive er sentrumsnære bustader.
– Ein tydeleg trend er også at folk helst vil bu heime så lenge dei kan, men at mange opnar for å flytte inn i ein leilegheit på eit eller anna tidspunkt i livet, seier Viki.
Matnyttig
Svara frå den omfattande undersøkinga blir no eit nyttig verktøy både for Valle kommune men ikkje minst for det private næringslivet med tanke på eventuell satsing på bustadbyggjing.
– Responsen på undersøkinga viser også kor viktig temaet er. Alle må bu, men ein ser at mykje spelar inn på kva behov ein har. No arbeider me vidare med materialet og håpar at også andre kan finne nytte i det, seier Henri Tore Viki.