Sponsa sesongkort i Brokke alpinsenter for born og unge i Valle kommune med frist 31. januar!
Ordninga med at born og unge busette i Valle kommune får sponsa sesongkort i Brokke alpinsenter, held fram. Dei som vil ha sesongkort må kjøpe det innan 31. januar.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 08.01.2026 13:53
Sist endra 08.01.2026 13:53

Alle frå fylte 6 år til og med 15 år betalar bare ein eigenandel på 500 kr. Alle som går på skule i Valle, uavhengig av alder, får 50% rabatt på sesongkort.
Må vise skulebevis
Dei som går på skule i kommunen må vise skulebevis når dei kjøper sesongkortet. Ordninga gjeld bare sesongkort - og fristen for å kjøpe med eigenandel eller rabatt er altså 31. januar!