Sponsa sesongkort i Brokke alpinsenter for born og unge i Valle kommune med frist 31. januar!

Ordninga med at born og unge busette i Valle kommune får sponsa sesongkort i Brokke alpinsenter, held fram. Dei som vil ha sesongkort må kjøpe det innan 31. januar.

All ungdom frå 6 år til og med 15 år betalar kun eigenandel på 500 kr. Alle som går på vidaregåande skule i Valle kommune, uansett alder, får 50% rabatt på sesongkort. Dei som går på Setesdal vidaregåande skule avdeling Valle må vise skulebevis. Ordninga gjeld kun sesongkort, og kortet må altså kjøpast innan 31. januar.