Ole Birger Lien
Målet er at undersøkinga, som blir sendt ut til alle via SMS - men som ein også kan svare på skriftleg viss ein møter i Velkomstsenteret på kommunehuset i Valle, skal nå alle fastbuande over 18 år. Så er håpet at svarprosenten blir så god at dataen som kjem ut frå undersøkinga er representativ.
– Undersøkinga skal sikre at me har så god oversikt som råd over bustadbehovet i åra som kjem. Ei oversikt som dette er heilt avgjerande med tanke på å planlegge for ei framtid med endra samansetning i befolkninga, seier kommunedirektør i Valle, Vidar H. Homme.
– Ei form for marknadsundersøking
Kommunedirektøren strekar under at resultata frå undersøkinga bør vere interessant for fleire enn Valle kommune.
– Det blir jo som ei form for marknadsundersøking dette, så for utbyggingsaktørar som vurderer å setje i gong bustadprosjekt kan dette bli matnyttig. Så vil eg oppmode alle som får undersøkinga, om å ta seg tid til å svare. Jo fleire som gjer det, jo betre blir kartleggjinga me ender opp med, seier han.
Ut via SMS
No blir altså spørjeundersøkinga sendt ut via SMS til alle fastbuande over 18 år. I SMS-en ligg både lenke til den digitale løysinga, men også informasjon om undersøkinga i papirversjon. Undersøkinga blir også lagt ut i papirform på kommunehuset, dagsenteret på Valle Bygdeheim og på Valle legekontor. Det blir i tillegg hengt opp plakatar på Sæbyggjen, kommunehuset og legekontoret.
HER er lenke til undersøkinga
Svarfrist er 25. januar klokka 23.59.
BUSTADPOLITISK PLAN 2024-2032