Språkkafé i Sæbyggjen torsdagar

Kvar torsdag klokka 18 blir det skipa til språkkafé i Valle. Som regel er det i Sæbyggjen i Valle sentrum det heile går føre seg.

Språkkafeen er eit godt møte mellom folk på tvers av kulturar og språk. Alle er hjarteleg velkomne til å vere med på desse uformelle treffa der ein røer, drikk kaffi saman, spelar Amigos og mykje meir.