Språkkaféane i Bykle og Valle møtest i Sæbyggjen torsdag 5. mars

I morgon kveld klokka 18 samlar språkkaféane i Bykle og Valle seg til felles “skravling” i Sæbyggjen i Valle klokka 18. Der blir det garantert sosial samrøre og god stemning, og ikkje minst ein god matbit.

Pixabay

Språkkaféen er meint som ein møtestad mellom bygdefolk og innflyttarar, og handlar om så mykje meir enn språk. Jovisst får dei som er der og treng det, trene seg i norsk. 

Sosial dimensjon

Vel så viktig er likevel den sosiale dimensjonen. Ein triveleg og god stad å møtast, enkelt og greitt. Ekstra positivt er det, at kaféane i grannekommunar kan samlast som i morgon.

Språkkaféen er eit ope tilbod for alle interesserte.