Stadig meir på plass før opninga av nye Valle kultursenter

Som me har skrive om tidlegare så er det sett ned ei ressursgruppe med folk frå Valle kommune og det friviljuge bygdelivet som saman skal forme opningshelga for nye Valle kultursenter 17.- 19. april. Alt no kan ein slå fast at det ventar ein skikkeleg bygdefest!

Nye Valle kultursenter opnar helga 17.- 19. april. Ole Birger Lien

Heile helga blir ein einaste stor fest for kulturbygget, bygdelivet og alt det ein kan tenke seg av aktivitetar og sprell. På programmet til no kan ein nemne mellom anna føropning av ungdomsklubb med pool party og DJ, kunstavdukingar, konsertar, festarrangement og ikkje minst Barnas dag. Så er også Valle sparebank med - verksemda skal markere 160-årsjubileum som del av den store festhelga. Dette og mykje meir utgjer ei kulturell helg av dei sjeldne!

Breitt samarbeid

I gruppa som samarbeider med Valle kommune om opningsfesten sit det folk frå Folkeakademiet Valle, Setesdal Spelemannslag, bygdekvinnelaga i Valle og Hylestad, Valle radio, Bykle og Valle kunstlag og FAU.