Stor skredøving i Evardalen i Hylestad i dag torsdag 12. mars

I dag torsdag 12. mars frå ettermiddagen til godt ut på kvelden blir det naudetatar og mange friviljuge i sving i Hylestad og spesielt i Evardalen-området. Så skal likevel ingen la seg uroe, det er bare ei omfattande øving på organisert snøskred-redning som går føre seg. I alt 60-70 personar er i sving under øvinga.

Kai Henning Myklebust

Det er politiet i Agder som får med seg andre naudearar, Raudekrossen, Norsk Folkehjelp, Norske redningshunder og ikkje minst lokale fjellredningsgrupper på øvinga. 

Samlar seg i soknehuset

Alle involverte samlar seg i soknehuset på Rysstad klokka. Der går dei gjennom øvinga i forkant før dei klokka 17.30 legg i veg opp i heia. Sjølve øvinga i Evardalen tar til klokka 18, og held på til klokka 21. Det betyr altså at viss ein ser blåljos, droner og anna i området i dag, skal ein bare gle seg over at alle dei som har så viktige oppgåver får øvd seg slik at alt saman fungerer godt den dagen det verkeleg gjeld!