
Sundagen inneheld mellom anna juniorklubb (5.- 7. klasse) frå klokka 11.00-12.30, aktivitetar i klubben og ikkje minst Ninjanacamp i Vallehalli med bunadskast, ninjaspark, leikarring, ansiktsmåling og smaking av Ninjakraft 12.00-13.30 i Vallehalli. Valle leikarring er klar med lokking & dans klokka 13.30-14.00. Så er Valle-jenta Ninjana sterkt til stades både som teater og film! Sigrid og Daniel lokkar store og små inn til Storstoga, der Valle leikarring tar imot med song og dans. Så er det klart for framsyning av “Ninjana og det store skredet" og filmen ”Ninjana og hyttetyvene" frå 14.00-15.00.
Kan plukke frå “menyen”
Som me tidlegare har skrive er programmet for opningshelga i nye Valle kultursenter så omfattande nettopp fordi her skal folk kunne plukke “sine” favorittar. Det er fri inngang heile helga, ein kan gå til og frå - og altså alt frå startskotet går bruke praktbygget nettopp som den bygdestoga ho er meint! Heile sundagen byr bygdekvinnelaga i Valle og Hylestad på lappar, saft og kaffi.
Ansiktsmåling er ein av mange aktivitetar i nye Valle kultursenter sundag.
Pixabay
Valle leikarring, her eit knippe av dei nasjonaldagen i 2024, er sterkt til stades under festhelga i nye Valle kultursenter.“Valle-film” nominert til pris - førpremiere i nye Valle kultursenter sundag!
Filmen “Ninjana og hyttetyvene” er nominert som ein av sju filmar i Kristiansand Barnefilmfestival - Norsk kortfilmkonkurranse. Med mange opptak i filmen frå Valle kommune, og endåtil ei valldøle som ein av skodespelarane, Hege Jore Gakkestad, er det lov å seie at det er ein “Valle-film” som - viss det går bra i konkurransen, blir kortlista til Amanda-prisen! Handlinga i filmen er tett knytt til Setesdal og Valle kommune, der forteljinga er lagt til fjellheimen, hyttegrendene og kulturlandskapet som kjenneteiknar området. Når hyttetyvar tek seg inn i hytter i fjellet, blir lokalsamfunnet uroa. Då tek Ninjana på seg oppdraget med å verne bygda – stille, raskt og utan å bli avslørt. Filmen kombinerer levande skodespel og animerte innslag, og balanserer spenning og humor på ein måte som gjer han tilgjengeleg for eit ungt publikum. Filmen har premiere under barnefilmfestivalen i Kristiansand - men altså førpremiere i nye Valle kultursenter førstkomande sundag!
Gørrsterk Valle-jente!
Med Ninjana-kraft frå ei ninja-jente frå Valle bare må det bli ellevill action! Med ein råskap og presisjon som ingen har sett makan til, smyg Ninjana seg rundt om natta og reddar bygdas befolkning frå farar. Alle trur det er lensmann Homme som gjer ein fantastisk jobb. Ingen av dei veit om Setesdal sin eigen bunadskledde ninja. Denne gongen må Ninjana overvinne ei fare som er større enn nokre usle forbrytarar. Eit stort snøskred truar med å utslette heile bygda, og ho må freiste å stoppa det utan å røpa kven ho eigentleg er. Framsyninga tar til klokka 14 blank.
Setesdal sin eigen superhelt!
Ninjana er ein norsk barnebokserie om Setesdal sin eigen superhelt. Hovudpersonen er ei jente som lever eit vanleg liv på dagtid, men som om natta er ein hemmeleg ninja. Kledd i setesdalsbunad ferdast ho i fjellet og reddar bygda frå farar som snøskred, uvêr og urett. Berre mormora hennar veit kven ho eigentleg er, og saman bur dei i ei hytte langt inne på fjellet. Bak Ninjana står forfattaren Karin Moe Hennie, som er forfattar, dansar og regissør frå Kristiansand. Ho er kjend for å kombinere litteratur og scenekunst, og arbeidet hennar er blitt til teaterforestillingar for barn. Karin Moe Hennie legg stor vekt på formidling og sterke barnekarakterar, og Ninjana er eit døme på ei moderne jentehelt med røter i norsk kultur.
Kva er Kristiansand Internasjonale Barnefilmfestival?
Namn: Kristiansand Internasjonale Barnefilmfestival
Stad: Kristiansand
Tidspunkt: 20.–25. april 2026
Skipingsår: 1998
Målgruppe: Barn og unge (3–19 år)
Omfang: 94 filmar frå 32 land i 2026
Profil: Verdspremierar, norske og internasjonale barne- og ungdomsfilmar, filmverkstader, barnejury og bransjedagar
Arrangør: Stiftinga Barnefilmfestivalen i Kristiansand
Festivalen er eit av dei største kulturarrangementa for barn og unge i Noreg, og ein viktig møteplass for filmskaparar som lagar film for eit ungt publikum.
