Tilsett som oppvekstleiar i Valle kommune
Valle kommune har tilsett Hedda Helene Schaanning i den nyoppretta stillinga som oppvekstleiar. Stillinga har kome på plass etter vedtak i kommunestyret som del av oppfølginga av prosjektrapporten om oppvekstreforma, og har ein overordna leiarfunksjon knytta til barnehage, skule, PPT, barnevern og kultur og fritid.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 10.02.2026 14:08
Sist endra 10.02.2026 14:08
Hedda Helene Schaanning er tilsett som oppvekstleiar i Valle kommune.
Ole Birger Lien
Utlysinga var intern, med fleire godt kvalifiserte kandidatar som melde seg. Tilsetjingsutvalet har gjennomført ein grundig prosess, med bistand frå ekstern rekrutteringsrådgjevar. Oppvekstleiar får ansvar for å styrkje samordning, leiing og vidareutvikling av oppvekstfeltet, med særleg vekt på samarbeid, heilskaplege tenester og tidleg innsats for barn og unge. Stillinga vert kombinert med Schaanning sin noverande funksjon som leiar for Setesdal barnevern.
– Vil samle laget
Den nye oppvekstleiaren gler seg til spennande oppgåver innan oppvekst.
– Fokus er born og unge, og at me får til å skape gode lag som drar lasset saman. Det er eg trygg på at me skal få til. Det er så mange dyktige tilsette innan oppvekst i Valle kommune at her er utgangspunktet vårt ypperleg, meiner ho.
Schaanning ynskjer å lyfte heile oppvekstsektoren.
– Det er så mykje som er bra, og så må me tenke at me kan alltid bli betre. Så blir mi oppgåve å sette retning og samle dei ulike områda, med god hjelp av dei rundt meg. Eg ser veldig fram til å kome skikkeleg i gang, seier ho.