Triveleg 17. mai-feiring på Valle bygdeheim
Nasjonaldagen nærmar seg, og heile landet skal feire. Også på Valle bygdeheim ventar eit triveleg program for både bebuarar og tilsette.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 15.05.2026 09:21
Sist endra 15.05.2026 09:21
Også på Valle bygdeheim ventar eit triveleg program 17. mai.
Ole Birger Lien
Valle-ordførar Lars Tarald Myrum tar turen opp på bygdeheimen klokka 10.30 og held tale for dagen. Valle leikarring kjem med kulturinnslag for å krydre ordføraren sin bolk. Klokka 11.15 kan dei som det passar for ut og sjå biltoget køyre forbi, og frå klokka 11.30 blir det videooverføring av gudstenesta i Valle kyrkje. Klokka 13 er det middag, og frå klokka 15 kan ein få med seg videooverføring av festprogrammet i Valle kultursentere.