Valle bygdeheim vart fødestoge til terningskast 6!

Det vart action på Valle bygdeheim natt til laurdag då fagkoordinator ved heimen, Ingebjørg Nomeland, fann ut at å føde treng ein på ingen måte sjukehus til så lenge ein har ein så grei arbeidsplass! Og som det heiter: alt gjekk bra med mor og barn!

Ein frisk og fin gut kom til verda på Valle bygdeheim klokka 04.59 natt til laurdag. Privat

Klokka 03 om natta gjekk vatnet, heilt utan forvarsel. Jordmor vart varsla, og var raskt på plass. Ambulanse vart også rekvirert - men med tempoet på riene og prosessen i det heile, vart det fort tydeleg for alle at å nå Evje eller byen før fødselen var lite truleg.

– Eg fekk valet mellom å føde heime, på bygdeheimen, eller å risikere å føde i ambulansen. Då var valet enkelt, det var mest komfort og kjendest tryggast å kome seg til Valle bygdeheim, seier mor sjølv.

I sterilt rom

Turen til Valle bygdeheim gjekk i rekordtempo - og vel inne på det reine smitteromet gjekk i grunnen også resten rekordfort. Med sin eigen heiagjeng der både sambuar, mor og svigermor var med - kom ein frisk og fin gut til verda etter knappe to timar.

– Alle rundt meg gav tryggleik og ro, så dette kunne ikkje ha gått betre, seier Ingebjørg Nomeland.

Fødselsboom

At det på Valle bygdeheim er både infrastruktur og kompetanse til å handtere hendingar som natt til laurdag, er godt nytt for folk i ein kommune der fødselstala aukar år for år. Me har tidlegare fortalt om fødselsboom i Valle kommune - no kan me altså også fortelje om fødselsstoga Valle bygdeheim!