Valle kommune deler ut kulturmidlar
Valle kommune deler ut kulturmidlar til friviljuge lag og organisasjonar. Søknadsfrist er 15. mars.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 24.02.2026 13:43
Sist endra 24.02.2026 13:43

Den totaler summen som blir delt ut er 75.000 kr. Søknaden må leverast elektronisk. Alle lag og foreiningar i Valle med lovleg aktivitet innan kulturområdet kan få kulturmidlar. I utgangspunktet bør laga sjølve ha midlar til den ordinære drifta. Medlemstal er eit forhold som vil spele inn på vurderinga, men kulturmidlar skal i hovudsak fordelast etter omfanget av aktivitetane i laget.
Kva kan ein søke til?
Lag/foreiningar kan søke om underskotsgaranti eller prosjektstøtte på kulturtiltak. Underskotsgaranti kan løyvast til mindre arrangement innan kommunen. Prosjektstøtte kan løyvast til prosjekt som omfattar eit breitt lag av innbyggjarane i kommunen. Søknadene må innehalde omtale av arrangementet / prosjektet samt kostnadsoverslag med både stipulerte inntekter og utgifter.
Her er meir om ordninga og lenke til søknadsskjema.