Valle kommune flaggar for Nynorskdagen 2026!

I dag 12. mai er Nynorskdagen - og Valle kommune tar imot oppmodinga frå Noregs Mållag og lar flagget vaie øvst i flaggstonga!

Nynorskdagen 2026 blir markert i Valle kommune med flagget til topps! Birgit Homme Harstad

Valle-ordførar Lars Tarald Myrum peiker på at sjølv om nynorsk på alle vis er likestilt med bokmål, handlar skriftspråket om så mykje meir.

– Dette går i grunnen beint inn i kulturen og identiteten vår. Så er det slik med alle språk at dei må brukast og bevarast for å overleve. Difor er denne markeringa noko meir enn symbolsk, seier han.

Under press

Det er i dag kring 90 norske kommunar som har nynorsk som administrasjonsspråk - dette utgjer kring 25%. 

– Nynorsk er kan hende under press i form av storleik, men står likevel etter måten sterkt. Så er det inga tvil om at påvirkning frå media, sosiale media og liknande i mykje større grad ber fram bokmål. Dette gjer det ekstra viktig for oss som nyttar og er glade i nynorsk, å slå ring om språket vårt, seier Lars Tarald Myrum.

Nynorskdagen er 12. mai fordi Stortinget 12. mai 1885 vedtok å jamstilla landsmål (seinare nynorsk) med dansk (seinare bokmål) gjennom jamstillingsvedtaket.