Valle kommune lyser ut sommarjobbar for lokal ungdom!
Valle kommune lyser no ut stillingar som ferievikar på ytre teknisk i vekene 26-33. Søknadsfrist er 26. april.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 13.04.2026 12:50
Sist endra 13.04.2026 12:50
Pixabay
Arbeidet vil i all hovudsak vere på grøntanlegg og utvendig måling av kommunale bygg. Ein må også forvente andre mindre oppgåver.
Bør ha runda 16 år
I søknaden må ein spesifisere kva veker ein kan arbeide, og søkjarar bør ha runda 16 år før oppstart. For somme av stillingane er det naudsynt med førarkort for bil. Kommunen er ute etter blide, fleksible og pliktoppfyllande sommarvikarar!
Her kan ein finne meir informasjon og søke.