Valle kommune og Valle sparebank skipar til festhelg for nye Valle kultursenter og banken 17.- 19. april!

I 2026 skjer det noko verkeleg stort i Valle kommune. Då opnar nye Valle kultursenter! No slår kommunen og Valle sparebank, som markerer 160-årsjubileum neste år, seg saman og skipar til ei dugeleg festhelg for store og små i det nye kulturbygget 17.- 19. april.

Den helga blir det fullt program i nye Valle kultursenter frå fredagen til sundagen, med alt frå konsertar og andre kulturinnslag til aktivitetar og ikkje minst banken sin jubileumsfest. Akkurat det arrangementet blir rigga til i Vallehalli.

– Målet med helga er enkelt - me ynskjer å fylle opp bygget kvar dag! No arbeider me for fullt med programmet, og det eg alt kjenner meg trygg på, er at her skal det vere noko for alle. Store og små, fastbuande og tilreisande, me ynskjer alle velkomne til folkefest helga gjennom, seier leiar kultur og fritid i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg.

Ope hus

Heile festhelga er det ope hus i det som blir den nye storstoga i Valle kommune, nye Valle kultursenter. Gjennom heile prosessen frå politisk sak til spaden kom i jorda har det blitt streka under at heile poenget med satsinga er å ha eit bygg som yrer av liv og aktivitet. Det er den raude tråden også helga 17.- 19. april.

– Me gler oss så veldig, og kan knapt vente med å ynskje folk velkomne. Så er me tidleg ute no, men det er først og fremst slik at alle skal kunne sette av helga i kalenderen sin. Me kjem tilbake med meir informasjon i takt med at meir av programmet kjem på plass, lovar kulturleiaren.

– Stor stas!

Banksjef i Valle sparebank, Elisabeth Slettedal, gler seg til festhelga i april.

– Det er stor stas å kunne markere 160 år for banken som del av opninga av nye Valle kultursenter. I 160 år har Valle sparebank vore ein del av kvardagen til folk i bygda. Historien vår er sterk, og røtene går djupt,  så er blikket no likevel retta mest framover. Me trur på kultur og frivilligheit som kraft for fellesskap, og når me investerer i møteplassar, investerer me i framtida til bygda. Difor er me stolte av å få vere med når Valle kommune opnar den nye storstoga – ein motor for trivsel, skaparglede og verdiskaping for små og store. Me gler oss til ei skikkeleg folkefesthelg som samlar generasjonar, feirar historia vår og opnar dørene til nye moglegheiter i Valle, seier banksjefen.