Valle kommune på lærlingetoppen i Agder

Valle kommune er på lærlingetoppen innan kommunal sektor i Agder med i snitt fem lærlingar per 1000 innbyggjarar. Bare Sirdal skårar høgare. Målet for kommunar i Agder er å ha minst tre.

Fersk fagarbeidar Anette Brottveit (t.v.) og personalsjef i Valle kommune Ann Christin Rikenberg Jacob gler seg over at Valle kommune er heilt i lærlingetoppen i Agder. Ole Birger Lien

Så vart då også Valle kommune nominert som Årets lærlingekommune i Agder - og sjølv om Kristiansand kommune til slutt stakk av med utmerkinga er bare det å bli nominert ei fjøyr i hatten.

– Gledeleg å sjå at også andre legg merke til arbeidet me gjer, seier personalsjef i Valle kommune, Ann Christin Rikenberg Jacob.

Valle kommune hadde i fjor 6 aktive lærekontraktar, noko som er svært høgt sett opp mot kommunens innbyggjartal. Lærlingane er fordelt på fleire fagområde: helsearbeidarfaget, barne- og ungdomsarbeidarfaget, kontor og administrasjon. Det vert lagt opp til at lærlingane skal få tett støtte både før og etter fagprøva, og kommunen har rutinar for å sikre at lærlingar som eventuelt stryk får ein ny, trygg og fagleg sterk veg tilbake til bestått prøve.

– Me skal vere med heile vegen. Det er viktig for både lærlingane og oss, seier Rikenberg Jacob.

Del av heilskapeleg strategi

Lærlingeordninga er tett kopla til kommuneplanens samfunnsdel – overordna mål og strategiar, som satsing på til dømes næringsliv, stabilisere og auke folketalet, likestilling, integrering og mangfald, folkehelse, samarbeidsavtalen med Setesdal opplæringskontor, arbeidsgjevarpolitikken, arbeid med utanforskap og inkludering og mangfald.

– Lærlingeordninga er ein integrert del av kommunens heilskaplege strategi for kompetanse, inkludering og samfunnsutvikling, slår personalsjefen fast.

– Nøgd fagarbeidar

Anette Brottveit er ein av dei som har vore lærling i Valle kommune. Nyleg gjennomførte ho fagprøve og kan no kalle seg fagarbeidar innan service- og administrasjonsfaget. Ho er godt nøgd med lærlingetida i Valle kommune.

– Ein fin stad å arbeide, og trivelege menneske å arbeide med. Når ein i tillegg i løpet av lærlingetida får så god opplæring og støtte at utdanninga går greitt, er det bare positivt på alle måtar, smiler ho.