Valle kommune vidarefører ENØK-tilskot for luft til luft varmepumper

Kommunestyret i Valle har bestemt at ein skal vidareføre ordninga med ENØK-tilskot på inntil 30% av dokumentert kostnad. Ordninga gjeld for næringsverksemder og friviljuge lag og organisasjonar for tiltak gjennomført frå 1.1 2025 eller seinare. 

Pixabay

Søknadar vert handsama fortløpande og vedtatt av formannskapet. Dokumentasjonen skal vere å tråd med gjeldande retningsliner. 

Retningsliner for ENØK-tilskot til næringsverksemder og frivillige lag og organisasjonar

  • Verksemda, foreiningar og lag må vere registrert i Brønnøysundregisteret og ha forretningsadresse i Valle kommune.
  • Ordninga gjeld for investeringar «Luft til luft» varmepumper i 2025 eller seinare.
  • Tilskotet dekker inntil 30% av investeringskostnaden.
  • For verksemder registrert i mva-registeret, vert tilskot berekna ut i frå netto kostnad.
  • Maksimal støtte per varmepumpe er kr 20 000 inkludert installering.
  • Maksimalt kan det søkjast om tilskot til 5 varmepumper per verksemd
  • Utbetaling etter dokumenterte utgifter

 

Her kan du sende inn søknad