Valle kommune vil skaffe seg oversikt over private bustader til utleige

Kor mange private huseigarar rundt om i Valle kommune sit på husvære til utleige? Det ynskjer kommunen seg oversikt over.

Marit Simonstad Kvaale

Bakgrunnen er at det stadig vekk og året rundt kjem førespurnader til kommunen frå ulike type folk som er på jakt etter ein bustad. 

– Difor ynskjer me å lage oss ei oversikt for det kommunale bustadkontoret, noko me kan halde oppdatert, slik at me kan vidareformidle kva som finst til dei som er ute etter noko, seier leiar velkomst i Valle kommune, Gunn Marith Homme.

Alt frå hus til leilegheiter og hyblar er aktuelt, og den som måtte ha noko å melde inn kan sende informasjon via epost til gunn.marith.homme@valle.kommune.no eller på tlf 91837000.