Valle med i gjeldssletteordninga for studielån i Lånekassen

Den mykje omtalte gjeldssletteordninga i Lånekassen for folk med studielån i utvalde kommunar i Noreg, blir opna for søknad i dag måndag 5. januar klokka 14. I 189 utvalde “mindre sentrale” kommunar kan yrkesaktive med studielån få sletta 25.000 kr. i året av studielånet sitt - i tre år. Valle kommune er med i ordninga.

Pixabay

Bakgrunnen for ordninga er at styresmaktene ynskjer å leggje til rette for at folk med utdanning buset seg i distrikta. Tiltaket gjeld alle typer utdanningsgjeld - men ein må ha vore busett i ein utvald kommune i minst 12 månader. Kommunane er delt inn i ulike klassar - og klasse 5 og 6 kvalifiserer for gjeldssletting. Valle kommune er i klasse 6.

Kan søke no

Det blir opna for å søke om gjeldssletting i dag måndag 5. januar klokka 14. 

HER kan ein lese meir om ordninga.

Ein må søke innan tre månader etter at oppteningsperioden er over. Oppteningsperioden er dei 12 månadene ein oppfyller for å få sletta lån.

HER kan ein søke om sletting av lån.