Valle skule skipa til sitt eige Vinter-OL!

Vinter-OL går føre seg for fulle mugger, og kvar dag er det spennande og innhaldsrike sendingar med alt frå langrenn til skeiser. Så har det også vore OL i Valle! Valle skule skipa sitt eige meisterskap, med bare vinnarar!

Frå "OL" på Valle skule. Valle skule

I samband med oppstarten av vinter-OL, og som ein del av den tverrfaglege perioden om livsmeistring, arrangerte ungdomsskulesteget sitt eige OL. Elevane deltok i øvingane langrennstafett, skiskytingsstafett og hopp. 

Gode på samarbeid

Det vart ein fin og aktiv dag der elevane fekk utfordra seg fysisk, samarbeidd godt og vist imponerande lagånd. Stemninga var god, og det var tydeleg at elevane både meistra og kosa seg gjennom dagen.

Skiskyting må med, skal det skipast til OL! Valle skule