Vil dra i gong brettspel-tysdagar i Sæbyggjen
Valle bibliotek er ope for alle som ynskjer å nytte lokala til ulike aktivitetar. No kan det kome til å handle om brettspel.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 29.01.2025 10:33
Sist endra 29.01.2025 10:33

Det har kome eit initiativ frå yngre vaksne i bygda om å samle seg kvar tysdag klokka 17 og spele ulike brettspel.
– Dette er ope for alle som ynskjer å vere med. Samlingane kan bli på eitpar timar, alt etter som. Det er sjølvsagt gratis å delta, seier bibliotekar Aud Kjersti Torbjørnsen.
Ho lovar også at det skal skaffast inn fleire brettspel etter kvart.