Vil ha med fleire på torsdagstreff på Valle bygdeheim

Kvar torsdag frå klokka 10-14 blir det såkalla Torsdagstreffet skipa til i lokala til Onsdagskaféen på Valle bygdeheim. Dette er ei samling for heimebuande i kommunen med kognitiv svikt - og samankomsten er meint både som ein stimulans og enkelt og greitt ein triveleg stad å vere ein gong i veka.

Marianne Voldseth (t.v.) og Gerd Torhild Helle Aakhus håpar endå fleire vil bli med på Torsdagstreffet på Valle bygdeheim. Dette er ei fast samling for heimebuande i kommunen med kognitiv svikt. Ole Birger Lien

Samankomstane tok til i fjor - då annankvar veke. No er altså satsinga auka. I spissen for opplegget er sjukepleiar/demenskontakt Gerd Torhild Helle Aakhus og miljøterapeut Marianne Voldseth i Valle kommune. Dei håpar at endå fleire skal bli med på opplegget.

– For dei som kjem skal det vere ein trygg og god stad å vere, og opplegget er i tillegg meint som ei avlasting for pårørande. Me har god plass og kapasitet, seier Helle Aakhus.

Skal stimulere

Det meste av opplegget på Torsdagstreffet er gratis - det er bare middagen ein må betale ein liten sum for. På samankomstane handlar det om sosial kos, og aktivitetar som kan stimulere det kognitive.

– Ulike spel, kryssord eller bare det å lese i ei avis. Det er mangt ein kan finne på, og kanskje blir det spennande diskusjonar rundt bordet? seier Voldseth.

Må søke om å få vere med

Alle som vil vere med i Torsdagstreffet må søke til kommunen før første gong - så er ein inne. I slutten av denne saka ligg det lenke til søknadsskjemaet - men ein kan også få det på papir på kommunehuset. Viss ein har spørsmål om opplegget kan ein ringe leiar pleie- og omsorg Solveig B. Kyrvestad på tlf 91247155.

– No håpar me at endå fleire vil bli med. Det er veldig trivelege samlingar med godt med plass og tid, seier Gerd Torhild Helle Aakhus og Marianne Voldseth.

Lenke til søknadsskjemaet