Vil kartleggje behov for AKT Svipp i Valle kommune

Valle kommune har no laga ei spørjeundersøking for å kartleggje om det er behov for AKT Svipp i kommunen.  AKT Svipp er ei bestillingsteneste for transport i Agder. Du blir henta der du er og køyrd dit du skal. Tenesta er fleksibel og skal gjere det enklare å reise for dei som ikkje har bil eller tilgong til ordinær bussrute. 

Så er det sjølvsagt eit poeng at så mange som råd tar seg tid til å svare på undersøkinga - jo fleire som er med, jo meir grundig får ein kartlagt behovet for ei skyssordning. 

Frist for å svare er 12. desember.

HER er lenke til undersøkinga.

Ein kan også hente spørjeundersøkinga i Velkomstsenteret i kommunehuset i Valle. Har ein spørsmål kan ein sende epost til annbjorg.bjorgum.sagneskar@valle.kommune.no eller ringe sentralbordet på 37937500.