Vil skipe til temakveldar på biblioteket i Valle

Biblioteksjef i Valle kommune, Julie Iversen Solheim, vil no ha bygda i tale! Ho ynskjer å få på plass temakveldar i biblioteket i Sæbyggjen, og vil ha innspel frå store og små!

Biblioteksjef i Valle kommune, Julie Iversen Solheim, vil ha innspel frå bygda om eventuelle faste temakveldar i biblioteket. Ole Birger Lien

Temakveldane, som det er meininga å ha fast ein gong i månaden, skal vere om og for lokalsamfunnet. Ein uformell møteplass der folk kan treffast og bli endå meir kjente gjennom alt som rører seg i bygda.

Vil ha bidrag

Tradisjonar, handtverk, folkemusikk, mykje kan vere aktuelt for temakveldane. Lag og organisasjonar har kanskje lyst til å kome og fortelje om noko dei held med på?

– Me skal vere opne for det meste, så no håpar eg på engasjement og innspel, seier biblioteksjefen.

Tanken er at temakveldane skal gå føre seg på onsdagar når biblioteket er ope til klokka 20.

Den som har tankar om satsinga kan sende ein epost til valle.bibliotek@valle.kommune.no eller ringe 94503280.