• Hendelse

Barnas fjellsommar

Dato

Måndag 23. juni 2025 - torsdag 26. juni 2025

Tidspunkt

kl. 09:00 - 16:00

Stad

Bratt Ung/ Bratt Noreg

Barnas fjellsommar!

Tilbodet går primært til alle barn i aldersgruppa 1.-7. klasse i Setesdal. Førskulegruppene er også velkomne

Gratistilbod - Ingen deltakaravgift

Påmelding innan 16. juni via formsskjema: https://forms.office.com/e/xqJZnQm9Ri Eller qr kode om ligg i bygdenytt. 

NB! Sjekk oppmøte plass- dette varierer frå dag til dag denne veka, slik at barna kan oppleve aktivitetar fleire stadar i kommunen!

Informasjon (gjeld alle dagane):

·         Kle dykk etter veret, hugs solkrem

·         Bratt Norge og Bratt ung kjem til å ta bilete undervegs til bruk i sosiale media. Setesdølen kjem truleg og. Gje beskjed ved påmelding dersom ditt barn ikkje skal vere med på bileta.

·         Dersom du har spesielle behov mht mat, tek du med eiga niste.

 

Program måndag 23. juni

Målgruppe: 1.-7. klasse

1.-4. klasse kl 09.00: Oppmøte ved Sylvartun på Nomeland

Kl. 09.00-09.30 Nistelaging på Sylvartun. Lær å lage skikkeleg turniste.

Ha med deg ein liten tursekk som du kan bere greitt sjølv. Oppi denne har du med deg ein tom matboks, og drikkeflaske med det du vil drikke i.

Kl. 09.30-14.00

Sykle frå Sylvartun til Rysstad Turpark- lage mat på stormkjøkken.

Ta med sykkel og hjelm. NB! Til føresette - før turen: Gå over sykkelkjede og bremser saman med barnet. Syn barnet korleis det skal greie å få på sykkelkjedet att, dersom det hoppar av J

5.-7. klasse kl 09.00: Oppmøte ved Sølvgarden hotell

Kl. 09.00-09.30 Nistelaging på Sølvgarden. Lær å lage skikkeleg turniste.

Ha med deg ein liten tursekk som du kan bere greitt sjølv. Oppi denne har du med deg ein tom matboks, og drikkeflaske med det du vil drikke i. Klatreutstyret blir også utlevert her.

Padle i kano frå Rysstad, klatring på Andenapen/Bjørgum. Ta med redningvest og kle deg etter veret. Dersom det vert regn blir det uansett kanotur.

 

Program tysdag 24. juni

Kl 09.00 Oppmøte ved Bratt-løa ved Coop Prix i Valle sentrum     Målgruppe: 1.-7. klasse

Kl. 09.00-09.30 Nistelaging i Bratt-løa. Lær å lage skikkeleg turniste.

Ha med deg ein liten tursekk som du kan bere greitt sjølv. Oppi denne har du med deg ein tom matboks, og drikkeflaske med det du vil drikke i.

Kl. 09.30-14.00

1.-4. klasse: Topptur til masta!

Topptur til masta i Valle frå svingen i Berg. Bruk støvlar eller vantette Goretex, ikkje joggesko.

5.-7. klasse: Klatre Via Ferrata Valle frå Bratt-løa.

Ta med tursekk med ekstra vindtett jakke til toppen. Dersom det er sol kan du ta med badetøy og bade i Fingredalstjønna😊

(Dersom det vert regn klatrar me inne på løa).

NB! Dei som ynskjer å bade i Fingredalstjønna må vere symjedyktige og ha samtykke frå føresette til dette.

 

Program onsdag 25. juni

Målgruppe: 1.-7. klasse

1.-4. klasse

Kl 09.00 Oppmøte ved Uppistog gard på Rygnestad    

Kl. 09.00-09.15 Nistelaging på Uppistog gard. Lær å lage skikkeleg turniste.

Ha med deg ein liten tursekk som du kan bere greitt sjølv. Oppi denne har du med deg ein tom matboks, og drikkeflaske med det du vil drikke i.

Kl. 09.30-11.30

Gardsbesøk på Uppistog gard- Rygnestad

Kl.12.30-14.00 Turløype på Rygnestad, leikar og aktivitet.

5.-7. klasse

Kl 09.00 Oppmøte ved Bratt-løa ved Coop Prix i Valle sentrum    

Kl. 09.00-09.30 Nistelaging i Bratt-løa. Lær å lage skikkeleg turniste.

Ha med deg ein liten tursekk som du kan bere greitt sjølv. Oppi denne har du med deg ein tom matboks, og drikkeflaske med det du vil drikke i.

Kl. 09.30- 14.00

Honnevje-frisbeegolf og SUP brett. Dei som vil bruke appen UDisc, kan laste ned denne på førehand. Ta gjerne med eigne discar om du har lyst til det. NB! Dei som ynskjer å bruke SUPbrett må vere symjedyktige og ha samtykke frå føresette til dette. Ta med redningsvest tilpassa di vekt.

Ta med sykkel og hjelm. NB! Til føresette - før turen: Gå over sykkelkjede og bremser saman med barnet. Syn barnet korleis det skal greie å få på sykkelkjedet att, dersom det hoppar av .

 

Program torsdag 26. juni

Kl 09.00 Oppmøte ved Bratt-løa ved Coop Prix i Valle sentrum     Målgruppe: 1.-7. klasse

Kl. 09.00-09.30 Nistelaging i Bratt-løa. Lær å lage ei skikkeleg turniste.

Ha med deg ein liten tursekk som du kan bere greitt sjølv. Oppi denne har du med deg ein tom matboks, og drikkeflaske med det du vil drikke i.

Kl. 09.30-14.00

Tur til Håhelleren.

Dei som kan handtere fiskestanga si sjølv kan gjerne ta den med. Foreldre som ynskjer å bli med på turen er hjarteleg velkomne (Gje beskjed om dette ved påmelding).

Kl. 11.00 Tradisjonsmat: Kompe på Håhellerhytta. Ta med turbestikk og eit nisteskrin du også kan bruke som tallerken. Sukker og smelta smør får du på hytta.

På denne turen bør alle bruke støvlar. Det er vading over bekk og mykje myr. Goretex og joggesko blir vått. Alternativt, ta med plastposar og tørre sokkar til skift. Hugs at det alltid er kaldare i vestheia- ha ei vindtett jakke og lue med.

 

Program laurdag 28. juni  -  Sentrumsdag i Valle sentrum

Oppmøte i Valle sentrum kl 10.00 dersom du vil ha frukost

Målgruppe: 1.-7. klasse

Kl. 10.00 Sentrumsfrukost dersom du vil ete frukost i Valle

Kl. 10.30 Valle leikarring framsyning i sentrum

Kl.11.00-12.00 Speedklatrekonkurranse for 5.-7. klasse med premiering for raskaste klatrar.

Kl. 12.00 Konsert med E-76!

 

Velkomen til Valle i Setesdal!

 

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Bratt friluftsliv

Kontakt

Åse Solbakk

Om staden

Namn

Bratt Ung/ Bratt Noreg