Konsert

onsdag 23. oktober 2024, 10:30 - 14:00

Informasjon

To eldre herrer. 

...frå Hjelmeland i Ryfylke. Kva kan du eigentleg forventa? 

Den eine, Peter, er djupt forankra i visebølga på 70-talet.  Kom vel aldri heilt over den bølga. Siste påfunn, er å drive konsertlokale heime i «Løa i Tønnevik».  Den andre, Anders, er meir i retning av ein jazzmusikant. Han finansierte agronomstudiene med å spele keyboard i dansebandet «Invention» frå  Søgne, og driv no storband i Ytre Ryfylke. 

Kameratane Peter Sigmundstad og Anders Smith, begge gifte med kvar sin sørlending, har nå funne saman i eit slags musikalsk fellesskap.  Dei øver så godt dei kan kvar tysdag føremiddag.  Øvingslokalet er nettopp «Løa i Tønnevik». 

Med det som utgangspunkt; Kva kan du eigentleg forventa?  Tja...  Vi får sjå.  Det blir vel litt av kvart. 

Stad

Dagsenteret
 

Kontakt

Legg til hendinga i din kalender