Nytt møte om tiltak for å betre rammevilkåra for bustadbyggjing i Valle kommune

I oktober i fjor skipa Valle kommune til informasjonsmøte for lokalt næringsliv der rammevilkår for bustadbyggjing i kommunen var tema. Lokalt næringsliv fekk vite meir om kva Valle kommune har sett i verk av tiltak for å stimulere til utbyggjing. Torsdag 12. februar kjem runde to, med nytt møte i kommunestyresalen klokka 18.

Etter møtet i fjor haust har det kome fleire initiativ frå næringslivet som kan resultere i byggjing i kommunen. Informasjonsmøtet i oktober, og no i februar, er ledd i oppfylgjinga av vedteken bustadpolitisk plan. Formålet med møtet, i tillegg til å informere, er å motivere til auka bustadbygging i privat regi, med fokus på sentrumsnære leilegheiter. 

Bustadundersøking

Valle kommune gjennomførte nyleg ei stor spørjeundersøking der nettopp bustadbehovet i kommunen var tema. Responsen har vore god, og materialet frå dei fleire hundre svara blir med vidare i arbeidet. Hovudtendensane frå undersøkinga blir tema på møtet neste veke. Informasjonsmøtet er ope for alle, men lokale verksemder i byggjebransjen er spesielt inviterte.

Les saka om bustadundersøkinga

Bustadpolitisk plan 2024-2032