Støyping godt i gang for nye Valle kultursenter
Nyleg vart støypinga sett i gang for det som blir nye Valle kultursenter.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 05.03.2025 12:53
Sist endra 05.03.2025 12:53

Nytt pumpehus og vassleidningar for brannvatn er også på plass. I desse dagar tar også veggane til å reise seg.
1400 kvm
Det skal byggjast om lag 1400 kvm i det nye kultursenteret. Aktivitetssalen blir på om lag 350 kvm, med amfitribune og dessutan plass til folk på golvet. I tribuna blir det plass til 200 personar. Totalt i salen kan ein få inn minst 240 personar.
Innspel om bruken
Valle kommune ynskjer no innspel om bruk og drift av det nye kultursenteret. Les meir om det HER.