Føresegn om vedtekter for skulefritidsordning i Valle kommune

§ 10 Redusert foreldrebetaling

Familiar med låg inntekt kan søkje om redusert foreldrebetaling i tråd med forskrift til Opplæringslova. Vedtak om redusert foreldrebetaling gjeld for eitt SFO-år av gangen.

Dersom hushaldet, som har fått vedtak om redusert foreldrebetaling, får auka sine inntekter i løpet av SFO-året, plikter dei å opplyse om dette.

Dersom hushaldet i løpet av SFO-året får ein vesentleg og varig nedgang i inntekt samanlikna med skattemeldinga for siste år, kan foreldrebetalinga reduserast. Søkjar plikter å leggje frem dokumentasjon som syner at endringa er vesentleg og varig. Endringa gjerast gjeldande frå den påfølgjande månaden etter innlevert dokumentasjon.

SFO er gratis for elevar med særskilt behov på 5.-7.årssteg. Det fakturerast matpengar.

Det er fritak frå foreldrebetaling for 12 timar per veke for elevar på 1. årssteg som har plass i SFO. Ordninga gjeld og i skulen sine ferie- og fridagar. Det fakturerast matpengar. side 3 av 3

Det vert gitt søskenmoderasjon på 40 % for barn nummer to og oppover. Søskenmoderasjon gjeld for skuleåret og når søsken er påmeldt same dagar i feriar. Den gjeld ikkje for matpengar. Det betalast full sats for det eldste barnet.