Føresegn om vedtekter for skulefritidsordning i Valle kommune

§ 11 Areal for leik og opphald

SFO skal ha ute- og inneareal som er eigna til føremålet.

Areala skal være godkjent etter «Forskrift om miljørettet helsevern i skole og barnehage».

SFO er ein del av skulen og kan bruke klasserom for småskulen, spesialrom og SFO-base.

Det fysiske miljøet ved SFO skal tilfredsstille krav om universell utforming.

SFO har felles uteområde med skulen eller Valle barnehage.