Føresegn om vedtekter for skulefritidsordning i Valle kommune

§ 6 Periode for søknad, opptak og oppseiing av plass i SFO

Søknadsfrist ved hovudopptak er 1.mars. Det er mogleg å søkje plass i SFO gjennom året.

Søknad om opptak, endringar og oppseiing skal vere skriftleg og på elektronisk skjema i skuleadministrasjonssystem.

Opptaket gjeld til og med 4. årssteg eller til avtalen endrast eller seiast opp av føresette.

Opptak for barn med særskilte behov på 5.–7. årssteg, gjeld til og med 7. årssteg eller til avtalen endrast eller seiast opp av føresette.

Plass i SFO seiast opp med ein månad oppseiingstid rekna frå den 1. i påfølgjande månad.

Søknad og opptak gjeld for SFO i skuleåret, ikkje for ferie- og fridagar. I haust-, jole-, vinter-, påske- og sumarferien, kan føresette melde barna på SFO direkte til skulen på gitt skjema.

Påmeldinga er frivillig, men bindande.