Ein livslang draum
- Eg har alltid hatt lyst til å bli bonde," seier Egil med eit glimt i auga. Frå han var liten, såg han kor spennande og variert gardslivet kunne vere. Han hugsar godt korleis han, som ung gut, fekk oppleve gardslivet gjennom besteforeldra sine. Det var ikkje gitt at han skulle ta over garden, men draumen om å jobbe med dyr og leve nært naturen, førte han inn på denne vegen.
Allereie som 15-16-åring byrja han som avløysar på gardar i Valle, og saman med Tarald Myrum, dreiv han si fyrste samdrift.
I 1994 tok han og kona eit viktig steg då dei kjøpte sitt eige gardsbruk på Kveste. Her starta dei med sauehald og dreiv garden fram til 2002, då dei tok over odelsgarden Haugan på Hedde.
Sauehald – eit naturleg val
Då Egil og familien flytta til Kveste, var det ikkje mjølkekvote tilgjengeleg.
- “Det vart naturleg å starte med sau,” forklarar han.
Kveste var ein beitegard utan store, flate jorder, og sauene passa godt inn i det landskapet, der dei kunne nytte seg av beite i heia.
Etter at dei tok over garden på Hedde, vart det ei tid med både kyr og sauer. Men i 2015 kom familien til eit vegskilje – dei måtte velje kva dyreslag dei skulle satse på.
- Vi valde sau, ettersom det passa best med beiteområda vi har her," seier Egil. Dei tok avgjerda om å rive det gamle fjøset, selje mjølkekvota, og bygge eit moderne sauefjøs.
- “Det har alltid vore draumen min å bygge eit slikt fjøs som eg tidlegare har sett på bilete,” legg han til med eit smil.
Fordelane med å drive gard i Valle
For Egil er det ingen tvil om kva som er den største fordelen med å drive gard i Valle. Naturen er sjølvsagt ein stor fordel. Med beiteområder rett utanfor døra og tilgang til heia, er Valle ein draum for sauehald. I tillegg kjem det sterke bandet til bygda og familien, som gjer det naturleg å fortsetje å bygge vidare på det som tidlegare generasjonar har starta.
Samarbeid mellom bønder er også ein viktig del av livet i Valle.
- “Eg samarbeider med fleire bønder, og det er veldig viktig, både sosialt og økonomisk,” fortel Egil. Gjennom maskinsamarbeid kan dei kaupe dyrare utstyr enn kva dei ellers hadde valgt, og dele det med kvarandre, noko som reduserer kostnadene og gjer det mogleg å drive meir effektivt.
- “Vi har òg fellsesanking når sauane skal heim frå heia, '” seier han og fortel vidare bruk av border collier som er til uvurderleg hjelp under sankinga.
Teknologi i gardsdrifta
Sjølv om mykje av arbeidet på garden er tradisjonelt, har teknologien gjort sitt inntog på Hedde.
- “Spesielt i lammeperioden er det viktig å ha kontroll,»” seier Egil. Ved hjelp av webkamera i sauefjoset, dataskjermar på kontoret og app på mobilen, kan dei følgje med på sauene døgnet rundt. Eit eige soverom med vindauge ut mot fjoset gjer det mogleg å halde eit ekstra auge med sauene, noko som er avgjerande når lamminga står på som verst.
I tillegg har dei installert fôringsautomatar, noko som lettar arbeidet og gjer kvardagen mindre fysisk krevjande.
- “Vi har også GPS-merka over 100- av totalt 220 sauer, noko som gjer det mykje enklare å finne dei når dei skal heim frå heia," seier han
Framtidsplanar og råd til nye bønder
Med eit moderne sauefjøs og ei stabil drift, ser ikkje Egil for seg store endringar i framtida.
- “Vi har ingen store planar, berre å fortsette slik vi gjer no,” seier han. Han understrekar likevel viktigheita av vedlikehald, både av bygningar og utstyr, for å halde garden i god stand.
Til dei som vurderer å starte med gardsdrift, har han eit klart råd: «Det viktigaste er å vere motivert og søke råd frå andre som driv gard. Dette er ein livsstil, ikkje ein 8-16-jobb. » Han oppmodar også til samarbeid med andre bønder, noko som både gjer arbeidet meir gama og økonomisk berekraftig.
For dei som vurderer å starte opp som bonde i Valle, har Egil nokre velmeinte råd.
- “Det å vere ein bonde og drive gard er ein livsstil, ikkje ein 8-16 jobb,” seier han.
Motivasjon og vilje til å lære er avgjerande, og han understrekar viktigheita av å samarbeide med andre då det både blir meir gama, økonomisk og du lærer av kvarandre.
- "Det kan vere lurt å få rådgivning innen gårdsdrift, økonomi, og innsikt i kva som lønner seg. Det er mykje råd å få som ein bør benytte seg av ” råder han.
Å delta på messer og andre arrangement kan også vere ein god måte å knytte kontaktar på og få inspirasjon til eiga drift.
Ein støttande kommune og familie
Egil er tydeleg på at han har fått god støtte frå Valle kommune, som har vore positive til viktige prosjekt som gang- og sykkelvegen ved Hedde.
- “Dei har også vore gode på å støtte jordbruket med ulike ordningar,” seier han. Men kanskje viktigast av alt har vore støtta frå familien.
- “Kona og barna hjelper til der dei kan, og faren min stiller også opp mykje,” fortel han. Dette fellesskapet er avgjerande for at gardslivet skal fungere så godt som det gjer.
For dei som vurderer å busetje seg i Valle, tilbyr bygda ein unik kombinasjon av naturskjønn omgjevnad, eit sterkt fellesskap, og moglegheita til å leve ut draumen om eit liv som bonde. Egil Åmlid er eit levande bevis på at Valle er ein stad der draumar kan bli til verkelegheit, og der naturen og tradisjonane går hand i hand med moderne teknologi og framoverlent tenking.
Sauefjoset står tomt i sommarstid når sauane er ute.