Ein god plass å vere

Å bu i Valle som pensjonist er eit liv rikt på kultur og naturopplevingar. Midt i Setesdal finn ein denne vesle bygda, der tradisjonane står sterkt, og der ein som pensjonist kan nyte ein roleg og innhaldsrik kvardag. Ein av dei som har funne sin plass i Valle er May-Lis Flateland. Ho har budd her sidan 1978, då ho og mannen hennar tok over slektsgarden.

Birgitte Å. Haugeland

May-Lis kjem opprinneleg frå Froland, men har skapt eit levande liv i Valle, der ho har engasjert seg i lokale lag og organisasjonar. Eit av desse er Bygdekvinnelaget, som ho trekk fram som sentralt for både trivsel og fellesskap.

"For meg var det Bygdekvinnelaget som gjorde at eg blei kjend med folk i frå bygda," seier May-Lis. 

Gjennom sitt arbeid med Bygdekvinnelaget har ho ikkje berre fått vener, men har også vore med på å vidareføre lokale tradisjonar og handverk.

Hjelp og fellesskap

May-Lis bur i eit stort hus aleine, og med hjelp frå heimesjukepleien får ho regelmessig vask av hus som ho ellers ikkje hadde klart like bra dersom ho måtte ha gjort det sjølv. Ho set derfor veldig pris på arbeidet dei gjer for ho, som igjen gjer kvardagen hennar lettare. 

Familie og bygdefolk er også viktige for May-Lis, sjølv om ho merkar at det er mindre av den spontane "stikke innom"-kulturen her i Valle samanlikna med Froland, der ho vakste opp. Likevel finn ho mykje støtte og fellesskap i Bygdekvinnelaget, som ho meiner er ei viktig drivkraft for både kultur og samhald i bygda.

Handverk i fokus

Tradisjonelle belter, laget av May-Lis Flateland Birgitte Å. Haugeland

Sjølv om helsa og den fysiske aktiviteten ikkje er som før, er ho framleis svært aktiv på andre område. May-Lis er kjent for sitt handverk, spesielt innan produksjon av dei tradisjonelle muflane frå Setesdal. Då kronprinsesse Mette-Marit skulle besøke Bykle, fekk May-Lis det ærefulle oppdraget å lage eit par til henne.

"Eg blei voldsomt spent på om dei passa, og det gjorde dei," fortel ho med eit smil. 

Muflane blei brukt av kronprinsessa, noko som May-Lis opplevde som svært stas.

Handarbeid har alltid vore ein del av livet hennar. Då døtrene hennar var små, gjekk det mykje i strikking og hekling. I seinare tid gjennomførte ho kurs i å lage muflar. Ho deler gjerne sin kunnskap med andre, og det er denne lidenskapen for å bevare og vidareføre kulturarv som resulterte i at ho fekk Valle kommune sin kulturpris i 2019.

– "No har eg ikkje prisen her, så uten å sei for mykje, fekk eg denne prisen fordi eg er ein kulturbærar, det er eg nokså sikker på," seier May-Lis, og legg til at ho set stor pris på kulturen i Valle.

Eit liv i Valle

Å bu i Valle som pensjonist gir mange moglegheiter. Her kan ein nyte vakker natur, engasjere seg i lokalsamfunnet og dyrke interesser som handverk og friluftsliv. May-Lis har nokre gode råd til dei som vurderer å flytte til Valle:

"Er du ung, så er det mykje å finne på. Det er ulike lag og organisasjonar du kan delta i, og her er flotte moglegheiter for turar på heia og ski," seier ho.

For dei som ønskjer å skape eit rikt og meiningsfullt liv i ein lita bygd, er Valle ein stad der tradisjonar og fellesskap står i høgt, og der naturen alltid er like utanfor døra. May-Lis sitt liv er eit strålande døme på korleis ein kan leve godt som pensjonist i Valle, med både praktisk støtte og rike moglegheiter for sosialt og kulturelt engasjement.

 

Av Birgitte Åmlid Haugeland