Hasla - Frå kjellarstove til den internasjonale marknaden

Grete Fossen saman med mannen Ørnulf Hasla har bygt opp Hasla og Fossensylv, ei verksemd som i dag er kjent for bunadssølv og kvalitetshandtverk. Med ein kombinasjon av pågangsmot, lokal støtte og kreativitet, har dei skapt ein suksess som både inspirerer og gjer kommunen stolt.

Ørnulf Hasla og Grete Fossen - Klikk for stort bileteØrnulf Hasla og Grete Fossen

Starta tilfeldig

Grete fortel at det ikkje var planlagt at dei skulle starte ei bedrift i Valle.

Livet er tilfeldig. Vi var i 20-åra og bestemte at vi ville bu på Heddi, vidare måtte vi finne ein plass å jobbe eller bygge noko eige. Hadde det ikkje vore for at Ørnulf tok svennebrevet i Valle, så hadde vi kanskje ikkje starta Hasla, seier ho.

Ekteparet starta fyrst i kjellarstova på Heddi, men det blei for einsamt. 

- Ørnulf er ein veldig sosial person, så det blei alt for stille å vere der," ler Grete.

Dermed tok dei steget vidare til Valle sentrum, der dei i 1984 opna dørene til Hasla.

Bygda heia oss fram 

Det å drive næring i ei lita bygd har sine unike fordelar, meiner Grete. 

Eg trur det er lettare å starte i ei bygd enn i ein by, fordi du blir meir heia på," seier ho. I 2008 etablerte dei ein butikk i Oslo, som vart ein suksess etter kvart, den vart avslutta i 2023. -Vi trudde det skulle bli mykje kundar frå første dag, men butikken måtte byggast opp over tid, som stort sett alle nystarta verksemder må, fortel Grete.

Hasla har likevel ikkje makta å leve av butikken i Valle aleine. 

Vi har veldig mykje produksjon til forhandlarar rundt om i Noreg," forklarar Grete. Det som verkeleg hjelpte oss i starten var at vi fekk avtalar med Walt Disney og den norske paviljongen i USA, der vi leverte sølv i mange år, legg ho til. 

Framtida 

For Hasla handlar framtida om vekst, men på ein forsiktig måte. 

Vi har mål om å utvikle oss vidare, særleg i nettbutikkane, seier Grete.

Ho fortel at dei alt har ein nettbutikk for forbrukarar, og at dei har oppretta ein nettbutikk for forhandlarar, men at dei no satsar på å lansere ein ny nettbutikk for forbrukarar; og den skal vere betre enn den noverande nettsida.

Men Grete strekar under at dei ikkje har det travelt med å auke. 

Vi har vakse for raskt eit par gonger, og det kan fort gå gale. Det viktigaste for oss no er å passe godt på dei kundane vi har, få tak i nye kunder, og å ha nok arbeid til dei tilsette," seier ho.

Råd til framtidige gründerar 

Til andre som vurderer å starte eiga bedrift i Valle, har Grete eit klart råd. 

- Det viktigaste er å ha ein ide som ein brenn for, her i bygda blir du veldig heia fram, og det er mykje støtte å få, slår ho fast. Når du har ein ide så kan ein derretter ta kontakt med næringskonsulenten i kommunen. Dersom du treng lokale, kan det vere lurt å få hjelp til å finne noko som er ledig, seier ho. 

Grete legg likevel ikkje skjul på at det krev innsats: 

Du må ha ein plan og brenne for det du driv med. Det er ikkje ei 09-17-jobb, og du kan ikkje forvente løn i starten, seier ho.

Grete Fossen - Klikk for stort bilete Birgitte Å. Haugeland

Eit livsverk i stadig utvikling

Grete og Ørnulf har vist at det er mogleg å skape noko stort, sjølv i ei lita bygd som Valle. Med Hasla AS har dei ikkje bare bygd ei bedrift, men også styrka lokalsamfunnet og sett Valle på kartet. 

Vi er heldige som arbeider i det private. Vi vil halde fram så lenge vi er friske og raske, avsluttar Grete.

Med stø kurs framover og fokus på kvalitet og tradisjon, vil Hasla AS heilt sikkert halde fram med å vere ein viktig del av Valle i mange år framover.

 

Av: Birgitte Åmlid Haugeland