Ungdomslivet i Valle

Valle kommune, med sin vakre natur og rolige omgjevnader, kan vere ein draumestad for mange. Men korleis er det eigentleg å vekse opp her som ungdom? Thomas Flateland, ein 15 år gamal gut som har budd heile livet i Valle, deler sine tankar om livet i bygda, skulen, og kva han tenkjer om framtida.

Birgitte Å. Haugeland

Naturen som ein arena

Thomas er interessert i både jakt og motor, og som mange andre ungdommar i Valle, finn han stor glede i dei enkle, men meiningsfulle aktivitetane som naturen rundt tilbyr.

Korleis er det å vere ungdom i Valle? 

- "Eg synes det er frykteleg greitt, men eg trur visst det kjem nokon frå byen som flyttar til Valle, så kjem sikkert dei til å tenkje at det er litt kjedeleg her heilt i starten", fortel Thomas.

Han meiner at livet i Valle krev ein viss kreativitet, spesielt når det gjeld fritidsaktivitetar. 

- “Ja, du må sjølvsagt vere kreativ, og naturen blir mykje brukt. Vi er jo ein gjeng som likar å fiske, og då er det veldig greitt å bu her, for det er jo ikkje så langt unna heia. Det er berre rett opp og få sluken uti vatnet”, seier han. 

Skule og sosialt liv 

Når det gjeld skule og undervisning, skildrar Thomas det som veldig bra.  Sjølv om Valle har færre elevar enn det ein finn i byane, meiner han at det ikkje gjer det vanskelegare å få vener, tvert om. Du kjem greit inn i miljøet og klassen tek tilflyttarar sjølvsagt godt imot. 

- Det er eigentleg veldig lett å få seg vener her," seier Thomas. "Vi har jo fått nokon tilflyttarar i klassen, og dei har me blitt fort ven med."

Denne imøtekomande openheita ser ut til å vere ein viktig del av livet i Valle, og Thomas fortel om korleis han og klassekameratane framleis held kontakt med ein tilflyttar som var i klassen, men som dessverre måtte flytte for å fullføre skulen i heimlandet.

Vil bu i Valle

Når Thomas svarer på spørsmål om kvar i Valle som er favorittplassen, er svaret klart.  

- “Eg bur jo på Flateland, så eg må seie der også er eg veldig glad i heia," smiler han.

Sjølv om Thomas ikkje er med på alle fritidstilbod, så set han pris på det skulen arrangerer, legg han til.

Når det gjeld framtida, er Thomas klar på at Valle er staden han ønskjer å bli buande i etter utdanning.

- “Det er eg nesten 100% sikker på at eg kjem til å gjere. Eg er ikkje veldig bygut og likar ikkje mykje støy og trafikken, så då passer Valle meg veldig bra. Det beste med Valle er eigentleg at det er roleg og så den flotte naturen,” seier han. 

- “Ja, også er det at du kjenner alle, om du køyrer frå skulen til sentrum, så kjenner du dei fleste du møter på vegen,” legg han til. 

Skulen og tradisjonane

Skulen i Valle gir elevane moglegheiter til å lære om den lokale kulturen og tradisjonane. 

- “Vi har ei veke der det er 'Valle min heimstad', då lærer vi mykje om Valle og tradisjonane og korleis det var før i tida, som eg synes er spennande,” seier han.

Deltaking i valfaget friluftsliv set Thomas stor pris på. 

- "No om ei veke skal vi på tur og overnatte i naturen i telt," seier han, og nemner at det årvisse overnattingsarrangementet i ungdomsskulen er eit høgdepunkt.

Valle er meir enn ein stad å bu

For Thomas Flateland er Valle meir enn berre ein stad å bu, det er ein heim. Med sterk tilknyting til naturen, tradisjonane og fellesskapet, ser han positivt på å halde fram livet sitt i denne vakre bygda. Valle kommune har kanskje ikkje det hektiske tempoet eller ein stor tettstad med mykje liv og leven, men for Thomas er det nettopp dette som gjer det til ein perfekt stad å vekse opp.

 

Av Birgitte Åmlid Haugeland