Frisbeegolf i Valle

Frisbeebanen i Valle finner du på ei lita øy, med flott natur i saman med 18 korger som er plassert rundt heile øya. 

Bru over til frisbeebanen

Frisbeebanen på Honnevje i Valle er ei nydeleg frisbeegolfbane som ligg idyllisk til på ei lita øy utanfor badeplassen ved Honnevje, omtrent 2 km nord for Valle sentrum. Banen har 18 korger som er strategisk plassert rundt på øya, og er kjend for sin vakre natur og utfordrande layout. 

For å kome til øya, kan du parkere ved badeplassen på Honnevje og gå over brua til øya.  
Første korg finn du til venstre på toppen når du kjem ut på øya, og bana er merka med blått for å gjere det lett å følgje ruta.

Det er gratis og open for alle å spele der. Einaste du treng er eigen frisbee, og gode sko. Har du ikkje eigen frisbee kan du kaupe dette hos Valle sport, eller låne ein frå Valle frisbeeklubb.  Valle frisbeeklubb er eit lag for å bygge ein spektakulær frisbeebane i Valle i Setesdal. For oppdatert informasjon og eventuelle konkurransar, kan du følgje med på Facebook-sida til Valle Frisbeeklubb.

Denne bana er ei flott aktivitet både for nybyrjarar og erfarne spelarar, og kombinerer naturopplevingar med sportsleg utfordring i vakre omgjevnader.