Uteområdet vårt er spanande og gjev rom for variert leik i ulendt terreng og ulike underlag . Fysisk aktivitet er viktig og me brukar jamleg både hallen og symjebassenget på skulen. Med skogen like i nærleiken og dette flotte nærmiljøet gjev me barna gode moglegheiter til leik og rørsle.
Barnehagens visjon er «Robuste barn i leikande omgjevnadar». Barnehagen arbeider mot å bidra til å barna skal oppleve meistring, angerkjensle og få rom til å utfalde seg i leiken.
Barnehagens hovudprosjekt handlar om Helsefremjande skule og barnehagar og dette gjenspeiler seg i det pedagogiske opplegget i barnehagen.
Barnehagane arbeider for å skape gode, trygge og givande dagar for det viktigaste me har i kommunen nemleg barna.
Åpningstider barnehagane i Valle 2025/2026
Åpningstider: 07.00-16.00.