Pris og redusert foreldrebetaling

Sentrale ordningar for foreldrebetaling/moderasjon som er betre for brukaren enn det kommunen sine ordningar er, vil til ei kvar tid vere gjeldande.

 Betalingssatser i barnehage

Den årlege foreldrebetalinga fordelast over 11 månader. Juli månad er betalingsfri. Ferie utanom juli, gjer ikkje fråtrekk i foreldrebetalinga. 

Foreldrebetalinga gjeld frå startdato gitt i vedtaket.

Betalingssatsar for opphald, mat, kjøp av ekstradagar og gebyr for henting etter at barnehagen er stengt, vert fastsett av kommunestyret kvart år.

Her finner du gebyrlista 2024

Redusert pris for søsken

Det vert gjeve 50% syskenmoderasjon for barnehageplassen frå og med barn nr. 2. Gratis barnehageplass for tredje eller fjerde søsken i barnehagen. Det er ikkje syskenmoderasjon på matpengane.

Reduksjon i foreldrebetaling

Føresette kan, ved tildeling av barnehageplass, søke om reduksjon i foreldrebetalinga eller gratis kjernetid. Vilkåra for rett til reduksjon i foreldrebetalinga følgjer av «Forskrift om foreldrebetaling i barnehagar.» Søknadsskjema ligg på kommunen si heimeside.

Vedtak om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid gjeld for eitt barnehageår av gangen.

Dersom hushaldet, som har fått vedtak om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid, i løpet av barnehageåret får auka sine inntekter slik at det har betyding for storleiken på foreldrebetalinga, plikter dei å opplyse om dette.

Dersom hushaldet i løpet av barnehageåret har ein vesentleg og varig nedgang i inntekt samanlikna med skattemeldinga for siste år, kan foreldrebetalinga reduserast. Søkjar plikter å leggje frem dokumentasjon som syner at endringa er vesentleg og varig. Endringa gjerast gjeldande frå den påfølgjande månaden etter innlevert dokumentasjon.