Søk, endre eller sei opp barnehageplass

Her finn du informasjon om korleis du søkjer, endrar eller seier opp barnehageplass i Valle kommune. Alle søknader og endringar blir handterte gjennom føresettportalen i Visma Flyt Barnehage.

Opptak til barnehage

Det årlege hovudopptaket til barnehage har søknadsfrist 1. mars. Nye barn får tildelt plass frå 15. august.

I føresettportalen kan du

  • søkje om ny barnehageplass
  • endre eksisterande plass
  • søkje om overføring til annan barnehage
  • seie opp barnehageplass

Supplerande opptak

Søknader som kjem inn etter hovudopptaket, blir behandla fortløpande i supplerande opptak.
Opptak i løpet av barnehageåret skjer berre dersom barnehagen har ledig kapasitet.

 

Link til visma flyt barnehage