§ 5. Opptakskriterier i barnehage
Brukaren sine ønskje og behov skal tilleggjast stor vekt ved opptaket, jf. Barnehagelova § 17. Dersom det ikkje er ledige plass i barnehagen dei søkjer i, kan kommunen tilby plass i den andre barnehagen.
Etter søknadsfristen tildelast det først plass til barn med rett til prioritet etter
barnehagelova § 18.
Deretter tildelast plass til barn med lovfesta rett til barnehageplass etter
Barnehagelova § 16 i følgjande rekkefølgje:
a) Barn frå familiar som har store belastningar på grunn av alvorleg og varig sjukdom eller funksjonshemming hos føresette eller sysken. Dokumenterast med erklæring frå lege eller spesialist.
b) Barn som har føresette som deltek i Valle kommune sitt introduksjonsprogram for flyktningar.
c) Barn av einsleg forsørgjer i arbeid eller utdanning som bur aleine med barnet.
d) Barn som har sysken i den ønskte kommunale barnehagen.
e) Øvrige barn etter alder. Dersom barn stiller likt, vert plass tildelt ved loddtrekking.
Ved opptak skal det takast omsyn til ei best mogleg samansetting av barnegruppene.