§ 6. Samarbeidsorgan
For å sikre samarbeidet med heimen til barna, skal kvar barnehage ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval.
Foreldrerådet består av foreldra til alle barna i barnehagen.
Foreldrerådet skal arbeidde for foreldra/føresette sine felles interesser og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skaper eit godt barnehagemiljø.
Foreldrerådet skal:
a) Velje representantar til samarbeidsutvalet
b) Bli førelagt og har rett til å uttale seg i saker som er viktige for foreldra sitt forhold til barnehagen.
Samarbeidsutvalet består av to foreldre og to tilsette i barnehagen, slik at kvar gruppe er likt representert. Barnehageeigar kan delta etter eige ønskje, men ikkje med fleire enn to representantar.
Samarbeidsutvalet skal vere eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ.