Vedtekter for kommunale barnehagar i Valle kommune

§ 7. Barnehagen si opningstid

Begge barnehagane er opne kl. 07.00-16.00 alle dagar unnateke:
a)    Laur-, sun- og heilagdagar, offentlege fridagar, julaftan og nyttårsaftan. 
b)    Fem plandagar i året, eller det tal på plandagar som er lovfesta.
c)    Tre veker frå og med 2. måndagen i juli.
Alle barn skal ha minst fire veker ferie og tre av dei skal vere samanhengande.

I periodar der ein har redusert drift, som til dømes i feriar, vil Hylestad og Valle barnehage samarbeide om drifta, og med SFO.