Vedtekter for kommunale barnehagar i Valle kommune

§ 8. Oppseiing og endring

Plass i barnehagen kan seiast opp eller endrast av føresette med ein månad

oppseiings- / endringstid rekna frå den 1. i påfølgjande månad. Oppseiing og endring skal vere skriftleg på elektronisk skjema på kommunen si heimeside.

Valle kommune kan som eigar seie opp plassen dersom ein kommunal barnehage avviklast. I eit slikt tilfelle skal foreldre informerast minst tre månader i forkant. Barnet vil få tilbod om plass i ny barnehage.