Vedtekter for kommunale barnehagar i Valle kommune

§ 9. Foreldrebetaling og moderasjonsordninger

Sentrale ordningar for foreldrebetaling/moderasjon som er betre for brukaren enn kommunen sine ordningar, vil til ei kvar tid vere gjeldande.

Barnehageplass er gratis for barn som er busett i Valle kommune. 
Føresette må betale matpengar. Det er ikkje syskenmoderasjon på matpengane.

Betalingssatsar for matpengar og gebyr for henting etter at barnehagen er stengt, blir fastsett av kommunestyret kvart år. Informasjon om dette ligg på kommunen si heimeside og kan fås i barnehagane.
Den årlege betalinga av matpengar fordelast over 11 månader. Juli månad er betalingsfri. Ferie utanom juli gjer ikkje fråtrekk i betaling av matpengar.
Det blir gitt høvesvis fråtrekk i matpengar:
a)    Dersom barnet har sjukefråvær på fire samanhengande veker eller meir. Sjukefråværet 
må være dokumentert ved legeattest, og
b)    frå andre dag ved streik, eller andre avbrot frå kommunen si side.
Betaling av matpengar gjeld frå startdato gitt i vedtak om barnehageplass.